Har du innspel til planarbeidet for Myrvåg og Dragsund?

Korleis skal areala i Myrvåg og Dragsund brukast? Det skal avklarast med ein eigen kommunedelplan. Her kan du lese om arbeidet og gi innspela dine.

Svein Arne Orvik

Fristen for å sende innspel er 21. juni 2024.

2. mai 2024 vedtok kommunestyret å starte opp planarbeid med kommunedelplan for Myrvåg og Dragsund. Kommunestyret vedtok også å legge planprogrammet ut til offentleg ettersyn.

Les utkastet til planprogram her.

Les protokollen frå kommunestyret her.

Kva handlar planarbeidet om? 

Kommunedelplanen skal avklare arealbruken for Myrvåg og Dragsund på eit overordna nivå, sett i samanheng med måla i kommuneplanens samfunnsdel.

Kommunedelplanen vil legge føringar for ønskt utvikling, vekst og vern. Arbeidet dreier seg om å laget plandokument og vise korleis det overordna nettverket av infrastruktur, grønstruktur, næring, industri og bustad skal vere.

Kommunedelplanen vil erstatte den gjeldande kommuneplanen for området. Utforminga av og innhaldet i planområdet skal bli detaljert vidare gjennom framtidige detaljreguleringsplanar.

Les også: Får 200 000 kroner til å kartlegge natur

Les også: La fram planar om Dragsund næringspark

Slik seier du meininga di om planarbeidet

Du kan sende innspela dine i dette digitale skjemaet. 

  • I feltet årstal skriv du 2023
  • i feltet mappenr. skriv du 3549

Du kan alternativt sende innspela på e-post til postmottak@heroy.kommune.

Du kan også sende innspel i posten. Adressa er: Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg. Merk også det du sender i posten med mappenummeret 23/3549.

Fristen for å sende innspel er 21. juni 2024.

Kva seier lova?

I samsvar med plan-og bygningsloven §4-1 og §11-13 skal det bli utarbeidd planprogram for kommunedelplanar. Dette planprogrammet utgjer det første steget i planprosessen for kommunedelplanen. Planprogrammet fortel korleis kommunen vil legge opp planarbeidet og kva som vil vere overordna føringar for planane. 

Planprogrammet viser også viktige tema for planarbeidet, utgreiingsbehov og korleis det er tenkt lagt til rette for medverknad. Planprogrammet skal bli lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i seks veker før kommunestyret endeleg fastset planprogrammet.