Gratis tur for barn og unge til Hakallegarden

Røde Kors arrangerer tur 6. juli. Påmeldingsfristen er 1. juli. Ikkje vent med å melde på deltakarar: Plassane blir fylte opp fortløpande.

eit lam - Klikk for stort bileteBli med Røde Kors og møt dyra på Hakallegarden – heilt gratis! Karianne Sveen Orvik

Sørøyane Røde Kors Omsorg har fått pengar frå Gjensidige-stiftinga til sommaraktivitetar for barn og unge i Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. Dermed blir det tur til Hakallegarden i Vanylven laurdag 6. juli.

Målgruppa er barn og unge som er i alderen 6–14 år og som står i ein vanskeleg økonomisk situasjon, opplyser Røde Kors. Dei skriv også at «vi opnar sjølvsagt for andre som også kunne trenge eit avbrekk».

Deltakarane får dekka buss, inngang, ein liten bagett og saft på Hakallegarden. Alt er altså gratis.

Frivillige fra Røde Kors blir med på turen.

Bussen går frå Ulsteinvik bussterminal klokka 10 og stoppar på Garnes for å plukke opp folk der. Deltakarane må sjølve kome seg til bussen, skriv Røde Kors.

Fordi det er avgrensa plass, har arrangøren bestemt at barn under 10 år får ha med seg ein person til følge, mens dei over 10 år reiser åleine. Men her er det også mogleg å vise skjønn ved behov, opplyser Røde Kors.

Påmelding

Du melder på deltakarar ved å sende e-post til omsorg@soroyane.no.

Meld på snarast råd og seinast 1. juli. Plassane blir fylte opp fortløpande etter prinsippet «første mann til mølla».