Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Har du barn mellom 0 og 12 år? Då er du varmt velkomen til kurs på helsestasjonen. 3. september er første kursdagen.

to kvinner med ei dokke ved eit dør der det står "Helsestasjon" - Klikk for stort bileteJanita Westbø Remøy (frå venstre) og Janne Skeide Eikrem ønsker alle foreldre velkomne til kurset. Svein Arne Orvik

Temaet for kurset er: Korleis får du eit endå betre forhold til barnet ditt? Tryggleikssirkelen er namnet på kurset.

Dette kurset er gratis og for alle foreldre til barn i alderen 0–12 år.

Kurset går over sju tysdagar, klokka 15–16.30 kvar gong. Første kursdagen er 3. september.

På kurset jobbar vi i grupper. Det er Janne Skeide Eikrem og Janita Westbø Remøy frå Herøy helsestasjon som held kurset.

Reflektere i lag

På kurset skal vi saman utforske og vere nysgjerrige på kva barnet ditt treng. Vi tek opp korleis du kan forstå og tolke signala barnet sender ut. Vi skal sjå filmsnuttar, reflektere og diskutere.

Dette skal vi snakke om:

  • Kva skal til for at eit barn skal kjenne seg trygg?
  • Korleis forstå vi barnet sine behov og signal best mogeleg?
  • Korleis hjelper vi barn med å regulere følelsar?
  • Korleis tek vi leiinga som foreldre?
  • Korleis påverkar eigne erfaringar oss i sampelet med eigne barn?
  • Korleis handterer vi utfordrande situasjonar i sampelet med barn?

Kurset er forskingsbasert, anerkjent og eigna for alle foreldre.

Høyr tilbakemeldingane frå familiar som har tatt kurset før!

Slik melder du deg på

Påmeldingsfristen er 27. august.

Du melder deg på ved å sende e-post til Janne Skeide Eikrem ved helsestasjonen: janne.skeide.eikrem@heroy.kommune.no.