Gode innspel frå ungdom om byutvikling

Herøyværingar mellom 12 og 25 år kom med ønske og tankar om framtida til Fosnavåg sentrum.

personar og møtebord i kulturhuset - Klikk for stort bilete Stine Mari Olsen Gallefoss

Måndag 11. mars var det ungdomsverkstad om byutvikling på Herøy kulturhus. Arrangørane var Civitas og KIMA arkitektur for Herøy kommune. Ungdomsrådet og andre ungdomar mellom 12 og 25 år deltok for å seie si meining om framtida til Fosnavåg sentrum.

Verkstaden er ein del av arbeidet med å lage utviklingsplanen for sentrum. Dette er eit arbeid som skjer på oppdrag frå dei folkevalde i kommunen og med pengar frå fylkeskommunen. Les meir om bakgrunnen for arbeidet her.

Engasjerande møte

Civitas og KIMA arkitektur la opp til eit spennande og engasjerande møte med ungdomane. Arbeidsprosessen vart gjennomført som ein ideverkstad der ungdommane svara på ei rekkje ulike spørsmål. Spørsmåla handla om byutvikling, Fosnavåg sentrum, områda rundt, kva dei saknar, kva dei likar og ikkje likar med sentrum, møteplassar i sentrum for ungdom med meir.

Ungdomane fekk også sjå eksempel på byutviklingsarbeid frå andre stadar. Det kom masse gode innspel frå ungdommen, dei var engasjerte og flinke til å utføre oppgåvene dei fekk. Det kom inn fleire ulike ønske som blant anna å få fleire butikkar til sentrum, zip-line med gondol og meir natur. Alle innspela har Civitas og KIMA samla inn. Dei set no i gang med å utarbeide ein rapport for det vidare arbeidet med byutvikling.

Ei viktig stemme

Innspela som kom inn er verdifulle. Ungdomane skal bli høyrde, dei er ei viktig stemme i byutviklingsarbeidet. Vi ønsker eit sentrum for alle. Og vi vil ha eit sentrum der ungdom trivst, slik dei ønsker å bli buande i kommunen.

Frå Civitas var Jomar Lygre Langeland med og leia ungdomsverkstaden, frå KIMA arkitektur var Stine Mari Olsen Gallefoss med. Inge Hareide frå KIMA arkitektur var også innom. Frå Herøy kommune var avdelingsleiar for utvikling Ole Magne Rotevatn og samfunnsplanleggar Lisa Dorthe Sævik Valø med, og ordførar Tine Storøy ønskte ungdomane velkomne.

Som ei lita påskjøning for å delta i det viktige arbeidet fekk ungdomane servert pizza spandert av fylkeskommunen før dei tok fatt på arbeidet. Ungdomsverkstaden vart også avslutta med ein konkurranse der dei fekk kjenne på kor vanskeleg samarbeid kan vere når det er mange som skal delta. Premien var eit påskeegg med godteri som vart delt mellom alle deltakarane som ei takk for det gode samarbeidet.

Herøy kommune