Gi beskjed om daude fuglar

Ver på vakt mot fugleinfluensa. Oppdagar du sjuke eller daude fuglar? Då skal du varsle. Her ser du korleis du gir beskjed.

Ein storjo (fugl) strekker på vengene - Klikk for stort bileteEin storjo på fugleøya Runde i Herøy. Svein Arne Orvik

Store mengder sjøfugl har døydd av fugleinfluensa i Finnmark den siste tida. Hittil i sommar har det ikkje vore meldt om tilsvarande utbrot nær oss i Herøy.

Men vi følger situasjonen nøye. Og vi oppmodar alle som kjem over sjuke eller daude fuglar om å melde ifrå.

For vi har store og viktige sjøfuglkoloniar i Herøy. Og smitten er påvist over store delar av landet.

Sei ifrå om det du finn

Kjem du over fuglar eller andre dyr som er sjuke eller daude?

Gi då beskjed til Mattilsynet – klikk her for å sjå korleis du varslar tilsynet.

Sei også ifrå til ein av fagpersonane som held oppsyn med fuglebestandane i distriktet vårt:

  • Ingar Støyle Bringsvor, telefon 99 38 22 42
  • Alv Ottar Folkestad, telefon 94 31 60 64

Kva kan gjerast med daude fuglar?

Slik Mattilsynet definerer det, er det ikkje utbrot av fugleinfluensa i Møre og Romsdal no.

Dermed opplyser tilsynet at du kan fjerne ein daud fugl på denne måten: Bruk hanskar og munnbind. Legg fuglen i to plastposar. Kast alt i restavfallet. 

Meir informasjon om fugleinfluensa

Her finn du spørsmål og svar om fugleinfluensa (utarbeidd av Mattilsynet).