Garden som ressurs: Bli med i nettverk for vidare utvikling

Har du planar om å utvikle nye aktivitetar på garden din? No kan du bli med i nettverk som gir støtte, inspirasjon og samarbeid.

blomster epletre - Klikk for stort bilete Pexels

Prosjektet Garden som ressurs held fram, og vi inviterer til nye nettverk for deg som vil satse vidare. På tidlegare samlingar har vi sett at mange sit på gode idéar og ønskjer å skape nye inntektsmoglegheiter basert på ressursane på garden.

For å gi eit betre og meir relevant tilbod, startar vi no to eigne nettverk:

  • Reiseliv
  • Frukt, grønt og lokalmat

Målet er å samle folk med same interesser. Her kan du lære meir, dele erfaringar og utvikle samarbeid. Mindre grupper gjer det lettare å tilpasse innhald og aktivitetar til det deltakarane faktisk treng.

Nettverka skal vere ein møteplass for fagleg påfyll, inspirasjon og konkrete moglegheiter – for deg som vil ta garden eitt steg vidare. Det vert oppstartsmøte i begge nettverka før sommaren, og det er gratis å delta.

 

Nettverk for frukt, grønt og lokalmat

Stad: Skaparhuset, Ulsteinvik
Dato: 27. mai
Tid: kl. 18.00–20.30

Egil Hustoft frå Kompetansenettverk lokalmat kjem. Han har drive Tingvollost i 18 år og har god erfaring med sal og marknad. Han held foredrag og gir råd, og det vert tid til samtalar og diskusjon.

Påmelding: Garden som ressurs - Nettverk for frukt, grønt og lokalmat – Fyll ut skjema

Nettverk for reiseliv

Stad: Kråen Gard, Hallebygda 253, Larsnes
Dato: 3. juni
Tid: kl. 18.00–20.30

Her får du innlegg frå reiselivssjef i Visit North West, Tom Anker Skrede, samt Tunheimfjøra Lodge og Arnegarden. Det vert òg tid til samtalar og erfaringsdeling.

Påmelding: Garden som ressurs - Nettverk for reiseliv – Fyll ut skjema

 

Fleire samlingar etter sommaren

Det kjem fleire samlingar etter sommaren. Deltakarane er med på å forme vidare innhald og retning.

 

Om prosjektet Garden som ressurs 2.0

Prosjektet er finansiert med midlar frå Statsforvaltaren, og blir gjennomført av hoppid-kontora på Ytre Søre Sunnmøre. Landbrukskontora, Vekst i Hareid og Ulstein Næringsforum er medarrangørar.

Tilbodet er for gardbrukarar og andre som vil utvikle nye næringar, til dømes innan lokalmat, reiseliv eller andre område basert på garden sine ressursar.