Myrvåg
Svein Arne Orvik
Ein utbyggar ynskjer som kjent å byggje ut næringsområdet sør for fylkesvegen. Kommunen ynskjer å satse på Myrvåg/Dragsund som kommunedelsenter.
Derfor jobbar vi med ein kommunedelplan som vil gi føringar for arealbruk for eit større område. Her ser vi ikkje berre på næringsareal, men også moglegheit for bustadar, offentlege bygg, friluftsområder, dyrka mark og naturområder.
På folkemøtet vil det bli gitt litt meir informasjon om planprosessen. Vi ynskjer også å bruke anledninga til å få meir detaljert kunnskap om området og hva som er viktig å ta vare på for framtida. Vi reknar med at dykk som bur og arbeidar i området er dei som kjenner det best.
Stad og klokkeslett: MYFO (Myrvåg Forsamligshus), onsdag 06.11 kl. 18.00-20.30