Fekk varme helsingar på 100-årsdagen

I dag fyller herøyværing Asta Pilskog Nærø 100 år. Ordførar Ann-Kathrin Storøy tok turen innom for å gratulere jubilanten. Ho hadde med seg blomar.

Asta saman med sonen Magne, oldebarna Mariell( t.v)  og Mathilde, og ordførar Tine Storøy. - Klikk for stort bileteAsta saman med sonen Magne, oldebarna Mariell( t.v) og Mathilde, og ordførar Tine Storøy. Wenche Moltu

Ordføraren las opp helsinga som kongen hadde sendt til jubilanten: «Fru Asta Pilskog Nærø. Mine hjerteligste gratulasjoner i anledning deres 100-årsdag. Kong Harald.»

Der jubilanten no bur på Eggesbønes er det samla barn, barnebarn og oldebarn. Dagen vert også feira til helga. Då vil alle i storfamilien som er heime vere med på å feire 100-åringen.

Vi gratulerer med den store dagen!

Ordføraren les opp helsinga frå kongen. - Klikk for stort bilete Wenche Moltu