Får pengar til å utvikle grøn perle for alle: – Svært gledeleg!

Vi får over 1,4 millionar kroner frå Miljødirektoratet. Pengane går til å bevare og utvikle Gjerdet som eit friområde i hjartet av Fosnavåg.

dronebilde over gjerdet og resten av fosnavåg - Klikk for stort bileteGjerdet blir ein gratis arena der folk kan vere fysisk aktive. Gjerdet er området midt i bildet. Svein Arne Orvik

I oktober 2023 vedtok formannskapet å kjøpe eigedomen Gjerdet. Kjøpet blir finansiert med pengane frå Miljødirektoratet – i tillegg til pengar frå byutviklingsprosjektet som fylkeskommunen har støtta.

– Tilskotet frå direktoratet er svært gledeleg. Sentrum er snart heilt nedbygd. Gjerdet er eitt av dei få områda der vi kan lage til eit kulturhistorisk friområde. Dette skal bli ei grøn perle og ein viktig del av byutviklinga i Fosnavåg, seier ordførar Tine Storøy.

Gjerdet representerer ein sentral del av kulturhistoria til Fosnavåg. På Gjerdet er der bygningar frå heilt tilbake til om lag 1650, blant anna den intakte gamlestova.

Gratis arena for fysisk aktivitet

– Området vil bli ein attraksjon for både innbyggarar og besøkande – ein del av identiteten til Fosnavåg, seier ordføraren.

Eit mål med å utvikle Gjerdet er å styrke friluftslivet og tilby ein gratis arena der folk kan vere fysisk aktive på fritida.

– Det å gjere Gjerdet tilgjengeleg for folk, vil vere spesielt viktig for å nå grupper som er lite aktive. Dette er eit tiltak som vil bidra positivt til den psykiske helsa og livskvaliteten til innbyggarane, seier Storøy.  

Bidra til næringsverksemd

Eit anna mål med kjøpet er å styrke grunnlaget for næringsverksemd i sentrum.

– Opne, grøne område gjer eit bysentrum meir attraktivt, noko som kjem handelsstanden og andre delar av næringslivet til gode, seier ordføraren.