Får 200 000 kroner til å kartlegge natur

Naturverdiane i Myrvåg og Dragsund skal kartleggast. Vi har fått 200 000 kroner frå Miljødirektoratet til jobben.

dronebilde over Myrvåg/Dragsund - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Kommunestyret har vedtatt at det skal lagast ein kommunedelplan for Myrvåg og Dragsund. No har kommunen fått pengar frå Miljødirektoratet til å undersøke naturverdiane i området, gjennom ordninga Natursats.

«Området er i dag ikkje kartlagt, så vi har eit svært dårleg kunnskapsgrunnlag for å vareta dei naturverdiane som er i området», skreiv kommunen i søknaden til direktoratet.

Der blei det vist til at «Myrvåg og Dragsund er under utbyggingspress både i form av bustadar, men også nærings‐ og industribygging og dette skjer i strandsona der vi har potensial for eit variert og verdifult naturmangfald».

Ifølge søknaden er «forventa effekt av tiltaket at fleire myrområde vert behaldne som LNF‐område og såleis gi eit «redusert» klimagassutslepp og vareta trua artar som kan vere i området».

LNF står for landbruks-, natur- og friluftsområde.

Les heile søknaden her (PDF, 791 kB).

Her kan du følge saka om kommunedelplanen for Myrvåg og Dragsund.