Endra leiaransvar i to sektorar

Frå 1. august blir det endringar i sektorane for samfunnsutvikling og verksemdstyring.

Dronebilde frå Herøy - Klikk for stort bilete Martin Hauge-Nilsen

Marit Sævik Leinebø er konstituert som kommunalsjef for samfunnsutvikling. Kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik leier i tillegg til kommunikasjonsavdelinga også serviceavdelinga.

Sektoren for samfunnsutvikling omfattar desse avdelingane: utvikling, landbruk, brann og redning, anlegg og drift, eigedom og Herøy gard.

Kommunikasjonsavdelinga og serviceavdelinga ligg i sektoren for verksemdstyring, der også HR/HMS-avdelinga og økonomiavdelinga høyrer til.