Eigenberedskapsveka 2024: Er du førebudd?

Har du nokon gong tenkt på kva du vil gjere om straumen går i fleire dagar, eller om det oppstår ei naturkatastrofe?

Bilde av det du treng for å klare deg utan straum nokre dagar. - Klikk for stort bilete Ivar Kvaal/DSB

Eigenberedskapsveka er her for å gi råd om korleis du kan vere førebudd om noko skjer. 

Anbefalingar til deg

Det er anbefalt at du skal klare deg sjølv i ei veke slik at naudetatane kan konsentrere seg om å hjelpe dei som treng det ved ei krise. Du kan lese om kva du treng og eigenberedskap på nettsida sikkerhverdag.no.

Hensikta med råda er at du skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.