Cruiseskip til Herøy i mai

Herøy fekk besøk av cruiseskip 8. mai, og nytt anløp er planlagt på sjølvaste nasjonaldagen 17. mai. Begge skipa legg til kai ved Fosnavåg næringspark på Mjølstadneset, og det er ekspedisjonsskip frå National Geographic som står for besøka.

Cruiseskip - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Besøk 8. mai

Fredag 8. mai kom cruiseskipet klokka 08.00 og låg til kai fram til kl. 12.00.

Passasjerane hadde eit fullsett program med utflukt til Runde. Det var difor lite annan aktivitet knytt til besøket i resten av kommunen.

Nytt anløp på 17. mai

Laurdag 17. mai kjem eit nytt skip frå National Geographic til Herøy.

Det er om lag 130 passasjerar om bord, i tillegg til mannskap – totalt rundt 150 personar.

Programmet er planlagt slik at det ikkje skal skape utfordringar for den vanlege 17. mai-feiringa.

Deltek i nasjonaldagen

Det er lagt opp til at gjestene skal få oppleve delar av 17. mai-feiringa i Herøy:

  • Bergsøy skulekorps er spurde om å spele ved ankomst.17.mai-komiteen på Bergsøya er involvert i delar av programmet
  • Det blir mellom anna  aktivitetar ved kulturhuset for dei besøkande

 

Nytt cruisebesøk i juni

Neste planlagde anløp er torsdag 4. juni. Då kjem skipet National Geographic Expedition til Herøy for første gong.

Skipet kjem klokka 07.00 og reiser vidare klokka 16.00.

Dette anløpet vil mellom anna innehalde:

  • mottaking om bord
  • organiserte opplevingar på Runde
  • planlagde turar med buss til sentrum¨
  • Horisont vil ta imot gjestar

I samband med dette besøket blir det også jobba for at lokale aktørar kan få vise fram opplevingar og tilbod for framtidige cruisegjester.

Ønsker gjestane velkomne

Herøy kommune ønsker cruisegjestane velkomne, og ser positivt på at internasjonale besøkande får oppleve naturen, kulturen og lokalsamfunnet i Herøy.