Frå venstre: vår prosjektleiar Philipp Kessler-Myking, ordførar Tine Storøy, dagleg leiar Lars-Ove Mork i HS Rise Bygg AS.
Svein Arne Orvik
Svingen dagaktivitetssenter blir eit lågterskeltilbod der alle skal kjenne seg velkomne. Plassert sentralt på Myklebust er Svingen lett tilgjengeleg for alle, enten du kjem med buss, bil, syklar eller går. Delar av innhaldet blir eit flott kaféområde, fleksible møte- og grupperom og småjobbsentralen.
Vi har fått tilsegn for investeringstilskot frå Husbanken. Tilskotet dekker 55 prosent av totalkostnadane, som også inkluderer kjøp av eigedomen. Vår del av kostnadane (45 prosent) svarer til den vedtatte budsjettramma på 12,5 millionar kroner. Den totale prosjektramma er på 27,7 millionar kroner.
Ønsker tilskot eller gåver til uteområde
Målet er at Svingen dagaktivitetssenter skal bli ein triveleg og inkluderande møteplass for heile Herøy. For å få til dette vil vi vidareutvikle prosjektet til å også inkludere eit uteområde som ligg rett ved – med direkte utgang frå kaféen.
Vi er avhengige av at næringsliv, lag, organisasjonar eller enkeltpersonar vil gi tilskot eller gåver for å kunne realisere uteområdet. Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Philipp Kessler-Myking.
HS Rise Bygg AS er klare for å starte byggearbeidet tidleg i februar og prosjektet skal etter planen ferdigstillast i september. Denne framdriftsplanen er godt innanfor fristane frå Husbanken, som er byggstart innan april 2025 og ferdigstilling innan februar 2026.