Budsjettframlegget for 2025 er klart

– Økonomien vår må vere berekraftig. Inntektene kan ikkje vere mindre enn utgiftene, skriv kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen i framlegget til kommunebudsjett for 2025.

Dronebilde frå Herøy - Klikk for stort bilete Martin Hauge-Nilsen

Budsjettframlegget inneheld

  • eit budsjett for det neste året
  • ein fireårig økonomiplan
  • prioriterte tiltak for dei komande åra
  • ein tiårig investeringsplan
  • eit klimabudsjett

Vegen mot vedtak i kommunestyret

Slik er prosessen vidare:

  • Framlegget går først til formannskapet. 
  • Så blir framlegget behandla i råda og utvala våre. 
  • Deretter behandlar formannskapet framlegget på nytt og legg saka ut til offentleg ettersyn. 
  • I det offentlege ettersynet kan alle som bur i Herøy seie sitt om framlegget. 
  • Til sist gjer kommunestyret endeleg vedtak i møtet sitt den 12. desember.

Historisk stort underskot

I innleiinga til budsjettframlegget skriv kommunedirektøren mellom anna dette:

«Herøy kommune har over tid hatt for høge driftsutgifter i forhold til inntektene. Kommunen hadde i 2023 eit historisk stort underskot. Det er vedteke at meirforbruket på vel 21 millionar kroner skal dekkast inn i løpet av 2024 og 2025. Disposisjonsfondet vårt er tomt og det er vedteke tøffe politiske kutt for å forsøke å få til ein meir berekraftig økonomi.

Budsjettforslaget har fleire kostnadsreduserande tiltak, i tillegg til forslag om eigedomskatt, for å finansiere framtidas behov for å investere i nytt omsorgssenter, skulebygg og ei ny barnehageavdeling. Økonomien vår må vere berekraftig. Inntektene kan ikkje vere mindre enn utgiftene.

Sjølv om økonomien er stram, er det all grunn til å vere stolte over det gode arbeidet som er og blir gjort av dei engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarane våre. Det er viktig for meg å tydeleg anerkjenne den innsatsen som dyktige tilsette og ambisiøse politikarar gjer.»

Opne budsjettframlegget her.