Budsjett og økonomiplan ute til offentleg ettersyn

Budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2025-2028 ligg no ute til offentleg ettersyn.

Dronebilde frå Herøy - Klikk for stort bilete Martin Hauge-Nilsen

Formannskapet vedtok 20. november at kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Her finn du budsjettdokumenta.

I perioden frå 21. november til 4. desember kan alle sende innspel til saka. Fristen for å kome med innspel er altså 4. desember.

Bruk dette skjemaet for å sende inn innspel. Skriv 2024 i feltet «årstal» og 1657 i feltet «mappenummer».

Du kan også sende innspel til postmottak@heroy.kommune.no eller i brev til Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg.

Kommunestyret skal vedta budsjettet og økonomiplanen den 12. desember.