Frå venstre: Iren Skotnes, Siv Anne Sævik, Sigrid Monsholm, Audun Kopparstad.
Gry Dragsund-Vike
9. september hadde brukarutvalet i pleie og omsorg det første møtet sitt. Dette er nokre av sakene dei hadde på dagsordenen:
- konkurranseutsetting av tenester
- langvakter i pleie og omsorg
- val av leiar
Utvalet består av Iren Skotnes, Siv Anne Sævik, Sigrid Monsholm og Audun Kopparstad (leiar). Brukarutvalet vil ha cirka eitt møte i kvartalet.
Har du ei sak du ønsker at brukarutvalet skal ta opp? Ta gjerne kontakt med utvalsleiar Audun Kopparstad eller avdelingsleiar Gry Dragsund-Vike, som er sekretær for utvalet.