Brannførebyggaren varslar besøk med SMS - Herøy kommune

Brannførebyggaren varslar besøk med SMS

Har du fått SMS frå nummeret 27300000211928 og blitt skeptisk? Då kan vi opplyse om at dette er ei varsling om besøk frå brannførebyggaren i Herøy kommune.

Brannførebyggar Ivan - Klikk for stort bilete Herøy Brann og Redning

SMS-varsel før besøk

Du får SMS-varsel tre dagar før brannførebyggaren kjem på besøk. Når du opnar meldinga, må du scrolle for å lese heile teksten.

Dette må du gjere når du får meldinga

Du må svare på SMS-en med eitt av desse vala:

  • Svar 1 – for å stadfeste besøket
  • Svar 2 – dersom eigar ønskjer å ta kontakt for å avtale nytt tidspunkt

Er du ikkje heime heile dagen, ber vi deg ta kontakt for å avtale tidspunkt på telefon 488 96 611.

SMS - Klikk for stort bilete Skjermdump

Har du ikkje fått SMS?

Dersom du ikkje har fått SMS-varsel, kan det vere at mobilnummeret ditt ikkje er registrert for varsling. Du kan sjølv oppdatere eller sjekke kontaktinformasjonen din på: 👉 norge.no – Oppdater eller sjekk kontaktinformasjon

Det kan òg hende at det ligg inne feil mobilnummer knytt til bustaden.

Varsel til pårørande

Som pårørande kan du leggje inn deg sjølv som mottakar av SMS-varsel om feiing og tilsyn for den aktuelle eigedomen.

Tryggleik ved besøk

  • Tilsyn og feiing er alltid førehandsvarsla
  • Brannførebyggaren kjem på dagtid
  • Han er uniformert, køyrer uniformert køyretøy og skal kunne legitimere seg

Kven kjem på besøk?

Brannførebyggaren som arbeider for Herøy kommune er Ivan Brandal – ta vel imot han.