Blir prosjektleiar for småjobbsentralen: – Vi må jobbe i lag

Å førebygge utanforskap – det er målet med småjobbsentralen ved Svingen. Caroline Skar er tilsett som prosjektleiar.

portrett av Caroline Skar med natur i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

– Eg gleder meg til å kome heim, og det er veldig kjekt å gå til ei så spennande stilling som dette, seier Skar.

Ho er utdanna i psykologi, vernepleie, spesialpedagogikk, karriererettleiing og sosialpedagogisk rådgiving. Skar har jobba 11 år i vidaregåande skule i Oslo og Ski. I tillegg har ho jobba deltid i barnevernet og i bustadar.

– Eg er veldig glad for å ha fått bli kjent med så mange fine ungdomar, seier ho.

Gi meining og meistring

Småjobbsentralen er ein del av det nye dagaktivitetstilbodet Svingen, som vi er i ferd med å etablere på Eggesbønes.

Svingen blir eit tilbod for menneske i alle aldrar. Småjobbsentralen skal

  • fange opp elevar, ungdom og unge vaksne som fell utanfor skule og arbeidsliv
  • gi målgruppa sjansen til å gjere noko aktivt i lag med andre – noko som gir meining og meistring

– Det har vore givande og lærerikt å arbeide på skular som er gode på å legge til rette og møte elevane der dei er. Eg er opptatt av at vi må jobbe i lag for å vareta den enkelte og gi den hjelpa som trengst for å fremje meistring og læring, seier Skar.

Ho vaks opp i Flusund og vende attende til røtene i sommar. I lag med sambuaren og dei to barna kjem ho flyttande frå Indre Østfold kommune, der sambuaren er ifrå.

Pengar frå fylkeskommunen

– Vi er veldig glade for at Caroline Skar, med den utdanninga og erfaringa ho har med seg i kofferten, no flyttar heim til Herøy, seier Gro-Anette Frøystad Voldsund, kommunalsjef for helse og omsorg.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt oss økonomisk støtte til å opprette småjobbsentralen. 

Vi skal samarbeide tett med forskingsmiljø for å vise gevinstane av tiltaket.

illustrasjon av menneske som held saman puslespelbrikker - Klikk for stort bilete

Ledig stilling: dagleg leiar

Vil du leie det samla tilbodet ved Svingen? Sjekk utlysinga av stillinga som dagleg leiar her.