Blir assisterande rektor ved felles ungdomsskule

Marita Ristesund er tilsett som assisterande rektor ved Herøy ungdomsskule frå 1. august 2025.

portrett av Marita Ristesund - Klikk for stort bilete Stokksund skule

– Eg gler meg til å vere med på å skape ein felles ungdomsskule der alle ungdommane i Herøy kan oppleve tilhøyrsle og fellesskap, og til å samle det gode teamet av tilsette som vil arbeide for læring og trivsel, seier Ristesund.

Ho har vore konstituert som assisterande rektor ved Ytre Herøy ungdomsskule sidan oktober 2024. Før det var ho assisterande rektor ved Stokksund skule.

Ristesund er utdanna i Trondheim som lærar for 5.–10. trinn. Der jobba ho som lærar i perioden 2014–2020, før ho flytta til Herøy og byrja som lærar ved Stokksund skule.