Prosjektleiar Bjørnar Eikenes ønsker alle lykke til med årets Ti på topp!
Svein Arne Orvik
Målet med tiltaket Ti på topp er å få flest mogleg ut på tur. Årets sesong opnar 28. mars, då skal alle toppane ha fått klyper.
Slik fungerer Ti på topp
Først kjøper du ein konvolutt som inneheld klippekort, eit kart og ei grundig forklaring til turane. Prisen er 100 kroner.
Turane er tilpassa ulike målgrupper. Nokre turar er lette, andre meir krevjande.
På kvar topp finn du ei klype som du brukar til å sette merke på klippekortet.
Kjem du over ein topp der klypa har blitt vekke? Ta i så fall kontakt med prosjektleiar Bjørnar Eikenes. Kontaktinformasjonen finn du nedst på denne sida.
Til slutt leverer du inn klippekortet – seinast 20. oktober på servicetorget på Herøy rådhus.
Og premiane? Dei kan du lese om nedanfor.
Her får du kjøpt konvolutten du treng
Frå klokka 16.00 tysdag 26. mars kan du kjøpe konvolutten med kart, klippekort og turforklaring for 100 kroner.
Her kjøper du konvolutten:
- YX på Eggesbønes
- Kiwi Myrvåg
- servicetorget på Herøy rådhus (Onsdag 27. mars er servicetorget ope klokka 09.00–12.00. Elles er det ope 09.00–15.00 på kvardagar.)
Toppane i 2024
1 A | Kammen | 1 B | Hornseten |
2 A | Vardane/ Linken | 2 B | Herøy gard |
3 A | Sollia | 3 B | Mørkevatnet |
4 A | Hidsegga | 4 B | Skaret |
5 A | Storevarden | 5 B | Teigetua |
6 A | Skåla | 6 B | Heid tursti, gapahuken |
7 A | Muletua | 7 B | Mulevika |
8 A | Børa | 8 B | Kvia |
9 A | Vardeheida | 9 B | Svartevatnet |
10 A | Gyrinakken | 10 B | Dynamitt- skuret på Leikong |
11 A | Huldre- hornet | 11 B | Lysløypa på Leikong |
12 A | Øyrahornet | 12 B | Djupvik- vatnet |
A- og B-turar
Her ser du kva turar som passar for ulike målgrupper.
I parentesane står det kor mange klipp/turar du treng for å ha fullført årets Ti på topp:
- 0–12 år: B (5 klipp/turar – kortet må merkast med alder)
- 13–69 år: A (10 klipp/turar)
- 70+ år: B (5 klipp/turar – kortet kan merkast med alder)
- personar med nedsett funksjonsevne: 5 klipp/turar
Har du helseplager (skal ikkje dokumenterast), kan du sjølv vurdere å gå B-turar, eller kombinere dei med A-turar.
Det viktigaste er at du får oppleve gleda ved å kome deg ut.
Vi ønsker deg eit flott turår!
Les meir om bakgrunnen for Ti på topp.
Premiering
Dei tre første åra du fullfører, får du bronsemedalje. Dei tre neste åra får du sølvmedalje og dei tre påfølgande åra gullmedalje. Fullfører du ti år, får du pokal.
Deretter får du nye medaljar for kvart år du fullfører. Og fullfører du tjue år, får du ein ny – og større – pokal!
Kontaktinformasjon
Bjørnar Eikenes, prosjektleiar
Telefon: 94 79 41 00 (dagtid på kvardagar)
E-post: bjornar.eikenes@heroy.kommune.no