Målet med tiltaket Ti på topp er å få flest mogleg ut på tur i Herøy-naturen. Årets sesong opnar 1. april.
Slik fungerer det
Først kjøper du ein konvolutt som inneheld klippekort, ei grundig forklaring til turane og eit kart.
Turane er tilpassa ulike målgrupper. Nokre turar er lette, andre meir krevjande.
På kvar topp finn du ei klype som du brukar til å sette merke på klippekortet.
Alle klypene er no på plass. Oppdagar du i løpet av sesongen at ei klype har blitt vekke? Ta i så fall kontakt med prosjektleiaren. Kontaktinformasjonen finn du på denne sida.
Til slutt leverer du inn klippekortet – seinast 20. oktober på servicetorget på Herøy rådhus.
Premiering
Dei tre første åra du fullfører, får du bronsemedalje. Dei tre neste åra får du sølvmedalje og dei tre påfølgande åra gullmedalje. Fullfører du ti år, får du pokal.
Deretter får du nye medaljar for kvart år du fullfører. Og fullfører du tjue år, får du ein ny – og større – pokal!
Her får du kjøpt konvolutt
Frå laurdag 1. april kan du kjøpe konvolutt her:
- Intersport Fosnavåg
- Handelshuset, Joker på Nerlandsøya
- Coop på Moltu
- YX på Eggesbønes
- Kiwi Myrvåg
- servicetorget på Herøy rådhus
Toppane i 2023
1 A
|
Muletua, Kvalsvika
|
1 B
|
Mulevika fjøretur, Kvalsvika
|
2 A
|
Storevarden, Nerlandsøy
|
2 B
|
Teigetua, Nerlandsøya
|
3 A
|
Hornseten, Bergsøya
|
3 B
|
Heid tursti, Bergsøya
|
4 A
|
Leinehornet, Leinøy
|
4 B
|
Monsterbakken, Heid tursti, Bergsøya
|
5 A
|
Skåla, Sandvika/Tjørvåg
|
5 B
|
Skaret, Gurskøya
|
6 A
|
Kammen, Remøya
|
6 B
|
Herøy Gard, Notøya
|
7 A
|
Heida, Leikong
|
7 B
|
Dynamittskuret, Leikong
|
8 A
|
Lundeura, Goksøyra
|
8 B
|
Måganeset, Runde
|
9 A
|
Vardeheida, Leinøy
|
9 B
|
Svartevatnet, Leinøy
|
10 A
|
Hidsegga, Moltu
|
10 B
|
Kvia, Moltu
|
11 A
|
Rambjøra, Dragsund
|
11 B
|
Lysløypa, Leikong
|
12 A
|
Storehanen, Moltu
|
12 B
|
Mørkevatnet, Moltu
|
PS: På kartet står det 2018, men det gjeld for 2023.
A- og B-turar
Her ser du kva turar som passar for ulike målgrupper, og kor mange klipp/turar du treng for å ha fullført årets Ti på topp:
- 0–12 år: B (5 klipp/turar – kortet må merkast med alder)
- 13–69 år: A (10 klipp/turar)
- 70+ år: B (5 klipp/turar – kortet kan merkast med alder)
- Personar med nedsett funksjonsevne: 5 klipp/turar
Har du helseplager (skal ikkje dokumenterast), kan du sjølv vurdere å gå B-turar, eller kombinere dei med A-turar.
Det viktigaste er at du får oppleve gleda ved å kome deg ut.
Vi ønsker deg eit flott turår!
Les meir om bakgrunnen for Ti på topp.
Kontaktinformasjon
Bjørnar Eikenes, prosjektleiar
Telefon: 94 79 41 00 (dagtid på kvardagar)
E-post: bjornar.eikenes@heroy.kommune.no