Bli med på temakafé i haust – ta gjerne med deg nokon

Sjekk haustprogrammet for temakaféane vi arrangerer for heimebuande over 67 år.

Eit smilande eldre par - Klikk for stort bilete AdobeStock

Kvar temakafé startar klokka 13.00 og varer i to timar. 

Det er gratis inngang og høve til å kjøpe ein kopp kaffi (25 kroner) eller kaffi og kake (50 kroner). Du betaler kontant eller med Vipps.

Påmelding på telefon

For at vi skal vite kor mange som kjem, er det viktig at du melder deg på.

Du melder deg på ved å ringe nummeret 90 47 28 71 seinast torsdagen før arrangementet. Du kan ringe på kvardagar fram til klokka 15.00.

Mange godbitar i programmet

Programmet for hausten 2024 er spennande og variert. Vi ønsker alle velkomne til hyggelege stunder!

 

Herøyværingar i kvardag og fest: Magnar Hjertenæs viser bilde frå samlinga etter fotograf Andreas Berge

  • Fredag 13. september på Sanitetshuset, Eggesbønes
  • Fredag 20. september på Bygdestova, Myrvåg omsorgssenter

 

Tankar kring ein oppvekst i den kalde krigen: Kjartan Haddal held bildekåseri

  • Fredag 4. oktober på Sanitetshuset, Eggesbønes
  • Fredag 11. oktober på Bygdestova, Myrvåg omsorgssenter

 

Med Johan verda rundt for Wilh. Wilhelmsen i eitt år: Johan Moltu held bildekåseri

  • Fredag 1. november på Sanitetshuset, Eggesbønes
  • Fredag 8. november på Bygdestova,  Myrvåg omsorgssenter

Kjende og kjære songar: Bjørn Prytz og Fred Frantzen spelar og syng 

  • Fredag 29. november på Sanitetshuset, Eggesbønes
  • Fredag 6. desember i fellesstova på Myrvåg omsorgssenter