Blei kjende på tvers: Samla 7. klassingane til aktivitetsdag

12. juni hadde alle 7. klassingane i Herøy ei flott samling på Kjeldsund leirstad og gjestegard.

tre oppstilte personar og folk i kano i bakgrunnen - Klikk for stort bileteNokre av arrangørane: leiar Sivert Sporstøl Leine og nestleiar Marthe Salvatierra Kvalsvik i ungdomsrådet saman med MOT-coach Amalie Torvanger Lied. Svein Arne Orvik

Målet med samlinga var å gi elevane sjansen til å bli betre kjende og skape gode minne før dei skal starte på ungdomsskulen.

Aktivitetsdagen blei arrangert i samarbeid mellom

  • tenestene våre for barn og unge
  • folkehelsekoordinatoren
  • MOT
  • kulturleiaren
  • ungdomsrådet 

Fylkeskommunen stilte med pengar frå prosjektet Ung kunst og kultur – det sørga blant anna for busstransport til elevane.

På programmet stod

  • grillmat
  • gruppeaktivitetar
  • fuglemerking
  • kano- og båtturar
  • ballspel

Arrangørane ser fram til å gjenta suksessen neste år og ønsker elevane ein super sommar!

tre smilande personar - Klikk for stort bileteDei er klare for å arrangere ny samling neste år: (frå venstre) kulturleiar Julianne Auberg Hauge, seksjonsleiar for barn og unge Mona Ryssevik, folkehelsekoordinator Monica Torvik Stokset. Julianne Hauge ein person visar fram to innfanga fuglar - Klikk for stort bileteElevane fekk vere med då Trygve Danbolt Øygard, dagleg leiar ved Kjeldsund, ringmerkte fuglar. Julianne Hauge