Bjørn Holum overleverer stafettpinnen

Bjørn Holum overleverer jobben til Petter Ole Kopperstad. - Klikk for stort bileteBjørn Holum overleverer jobben til Petter Ole Kopperstad. Thomas Sporsheim

I dag er Bjørn Holum sin siste arbeidsdag som arrangementsleiar i Herøy kommune. I morgon er han pensjonist og har fri etter nesten 26 års teneste i ulike stillingar i Herøy kommune.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Den avtroppande arrangementsleiaren som i tillegg blir 65 år i dag, etterlet seg mellom anna eit flott haustprogram på Fosnavåg konserthus.

- Her blir det gode arrangement og opplevingar for små og store, og mange konsertar med lokale aktørar. Her kjem fleire teater-opplevingar denne hausten så vel som humorshow. Fire flotte julekonsertar og to fantastiske ballett-forestillingar står også på plakaten, seier Holum.

Ny arrangementsleiar er Petter Ole Kopperstad, som har starta i rolla som kinosjef og leiar for konserthuset. I august har han prøvd å ta inn store mengder info frå sin rutinerte forgjengar, og «gru-gler» seg til å ta over.

- Kino-publikum har mange og gode filmar å glede seg til denne hausten og ikkje minst i desember, fortel Kopperstad.

Sjå kva den avtroppande og påtroppande arrangementsleiaren seier under overleveringa av stafettpinnen.

Vi gratulerer Bjørn Holum med bursdagen og ønskjer lukke til med pensjonisttilværet. God haust!