Autoriserte som landmålarar: – Gratulerer!

Agnieszka Dvilevic og Martin Hauge-Nilsen er no autoriserte landmålarar. Dermed oppfyller kommunen nye lovkrav.

to landmålarar ute i felten - Klikk for stort bileteMartin Hauge-Nilsen og Agnieszka Dvilevic har landmålarbrevet i boks. Svein Arne Orvik

– Vi gratulerer med autorisasjonen og er svært nøgde med å ha dei to med på laget. Herøy er ein så stor kommune at vi treng to landmålarar. Vi er stolte over å ha sikra den rette kompetansen, seier Ole Magne Rotevatn, avdelingsleiar for utvikling.

Eit nytt krav i matrikkelforskrifta pålegg kommunane å ha autoriserte landmålarar til å styre arbeidet med deling av eigedomar.

No som Dvilevic og Hauge-Nilsen er autoriserte, unngår Herøy å leige inn landmålarar frå andre kommunar.

Det er Kartverket som har autorisert Dvilevic og Hauge-Nilsen. Dei er autoriserte på grunnlag av erfaringa si og autorisasjonsprøva dei no har tatt.

Prøva testa kunnskapane deira i alle relevante rettskjelder, i god landmålarskikk, i grunnleggande landmåling og i matrikkelføring.