Alle skuletilsette på kurs om inkluderande læringsmiljø

Korleis sikrar vi alle elevar og tilsette ein trygg kvardag når nokre elevar bryt normer?

to personar framfor ein fullsett sal - Klikk for stort bileteFøredragshaldar Kristian Øen og avdelingsleiar Hilde Beate Hestås. Svein Arne Orvik

Det er temaet når vi i dag samlar alle dei 250 tilsette i skulane våre til kurs.

– Dei tilsette har ønskt å lære meir om nettopp inkluderande undervisning for elevar med normbrytande åtferd. Kurset er ein del av arbeidet vårt med å løfte kompetansen innanfor spesialpedagogikk og inkluderande praksis, seier Hilde Beate Hestås.

Ho er avdelingsleiar for grunnskulen og den pedagogisk-psykologiske tenesta i Herøy.

Hestås viser til at ulike rettar lett kjem i konflikt når elevar har normbrytande åtferd:

  • elevar sin rett til å delta i klassa
  • elevar sin rett til eit trygt skulemiljø
  • tilsette sin rett til eit trygt arbeidsmiljø

– Viss vi som arbeidsfelleskap møter desse utfordringane godt, så vil både elevar og tilsette få ein mindre belastande kvardag, seier Hestås.

På kurset skal Kristian Øen, høgskulelektor ved NLA Høgskolen Bergen, førelese om kva som er viktig for å skape gode og inkluderande læringsmiljø for alle elevar.