20. november: Velkomen til byutviklingsmøte på biblioteket

Temaet er områderegulering i Fosnavåg sentrum, og møtet er ope for alle.

oversikt over Fosnavåg - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Byutviklingsmøtet blir halde onsdag 20. november klokka 18.00–20.00 på biblioteket i Fosnavåg sentrum.

Bakgrunn

Utval for samfunnsutvikling har vedteke å starte opp reguleringsarbeid for Fosnavåg sentrum. Det er kunngjort oppstart og sendt ut planprogram på høyring for oppstart av reguleringsarbeid i Fosnavåg sentrum.

Føremålet med områdereguleringa er å regulere dei løysingane som ligg i Utviklingsplan for Fosnavåg sentrum.

Kvifor arbeide med byutvikling?

Kommunestyret har vedteke at Fosnavåg skal vere det naturlege senteret som vert nytta aktivt av innbyggjarar, arbeidande og besøkande. Dei ynskjer å auke talet på innbyggjarar i Fosnavåg sentrum, og i kommunen samla sett. Dei ynskjer også å auke talet besøkande gjennom heile året.

For å løyse dette må vi skape eit attraktivt sentrum for alle, med gode møteplassar. Vi må gje besøkande ein grunn til å kome til Fosnavåg for både handel og oppleving.

Herøy har lenge vore ei av dei største fiskerikommune i landet. Frå å vere ein typisk fiskerikommune har Fosnavåg gradvis gått over til å bli ein reiarby. Dette har gitt grunnlag for kulturen vår, og identiteten vår. Kva hadde vel Herøy vore utan fiskeri- og offshoreverksemda? Kultur og identitet skal ha ei viktig rolle i byutviklingsarbeidet, og legg føringar for den vidare utviklinga.

Ynskjer du å høyre meir om områdereguleringa av Fosnavåg, eller har du nokre tankar og idèar du ynskjer å dele? Kom på byutviklingsmøte og del dei med oss!