Ordførar Tine Storøy og Kurt Fylling i Fylling Eigedom.
Tor Halvar Botnen
I budsjettet for 2024 vedtok kommunestyret å lage eit nytt dagaktivitetstilbod i Svingen på Eggesbønes.
Torsdag skreiv ordføraren under avtalen om å kjøpe lokala av Fylling Eiendom.
Svingen blir ein møtestad med tilbod om aktivitetar for folk med ulike diagnosar – og ulike aldersgrupper.
Ved Svingen vil vi både samle nokre av dei dagtilboda som allereie finst – og legge til nokre nye. Ei av nyheitene blir ein kafe som skal vere open alle kvardagar.
Andre tilbod blir
- lærings- og meistringsgrupper
- friskliv
- sanserom
- småjobbsentral
- råd og rettleiing
Satsinga vil blant anna bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet.
Her er Svingen 8.
skjermdump