«Mamma Mia!» – for eit show!

Dei siste vekene har det ljoma slagerar frå musikalen «Mamma Mia» i gangane på Leikanger skule.

Sophie og Sky som brud og brudgom, saman med medelevar som syng. - Klikk for stort bilete Veronika Djupvik/Hilde Hestås

Elevane og dei tilsette har verkeleg stått på for å setje opp førestillinga til årets grunnskulefest.

Grunnskulefesten har ein lang tradisjon på Leikanger skule. I år var det duka for musikalen «Mamma Mia», som gjekk av stabelen torsdag 18.april. Vi har gleda oss stort til denne dagen! 

Det skjer mykje læring gjennom arbeidet med å setje opp ei slik førestilling, i tillegg til at det bidreg til eit godt samhald og eit godt elevmiljø. 

Arbeidet skaper stort engasjement, både blant elevane og dei tilsette. Elevane deltek både i form av bidrag på scena, arbeid med å lage kulisser og styring av lyd og lys. Alle er med!