Asfaltering: Redusert framkome i Bergslibakken

No gjer vi klart til å asfaltere. Arbeidet vil hindre trafikken nokre dagar. Takk for tolmodet!

vegarbeid - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Arbeidet med å lage nytt fortau nærmar seg slutten – eit viktig tiltak for trygg trafikk.

Komande veke skal området asfalterast. No førebur vi asfalteringa. Det vil gi redusert framkome nokre dagar. 

Sjølve asfalteringa skal etter planen skje 23. og 25. april. Då vil det til tider vere korte stopp i trafikken. Naudetatane kan likevel passere heile tida.

Vi takkar for tolmodet og ser fram til at alle kan ta i bruk det nye fortauet!