Delta i høyringa om skulestruktur

Graveløyve

Graveløyve

Alle som skal utføre gravearbeid på offentleg veg og grunn skal søke om graveløyve. Den som utfører graving i offentleg veg skal levere ein fullgod istandsetjing etter graving slik at ikkje kommunen vert påført unødige ulemper og kostnader.

Grave i veg

Du må søke om løyve dersom det skal gravast i eller ved offentleg veg. Det er dei som skal utføre arbeidet som skal søke. Søkaren er ansvarleg for at arbeidet utførast i samsvar med gjeldande føresegner og forpliktar seg til å fylgje kommunens grave- og arbeidsinstruks. Les: Rettleiing for gravearbeid i kommunale vegar (PDF, 4 MB)

Slik søker du

Graving må ikkje startast opp før ansvarleg for gravearbeidet har sendt inn søknad om graveløyve, og fått ei godkjenning frå kommunen.

Dersom det skal gravast på eller nær veg må det utarbeidast ein plan for varsling og sikring av vegarbeid som skal godkjennast av skiltmynde i kommunen. Ansvarshavande for arbeidsvarsling må ha kurs 2 i arbeidsvarsling.

Skal du grave på eigen eigedom må du fyrst sjekke om det går leidningar i grunnen. 

Kontakt

Fred Arnesen
avdelingsleiar anlegg og drift
E-post
Mobil 48 89 75 70
Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Mobil 90 15 63 47