VassmålarAlle næringsbygg, driftsbygningar, offentlege bygg og kombinasjonsbygg er pålagde å ha vassmålar. Kven kan få vassmålar? Alle innbyggarar som er knytt til det offentlege avløpsnettet kan installere vassmålar. Har du installert vassmålar? Den kan du registrere her. Kven installerer vassmålaren, og kven må betale for den? Installasjon av vassmålar skal utførast av ein godkjend rørleggjar i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande reglement. Abonnenten må sjølv koste installasjon av vassmålar. Slik les du av vassmålaren Du kan nytte det elektroniske avlesningsskjemaet. Oppgjer Årsoppgjer på vassmålar er alltid i 1. termin kvart år. Beløpet (akonto) vert alltid rekna ut i frå førre års forbruk. Kva kostar det? Årsgebyr for vassmålar tilsvarar avlaupsgebyr og består av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (målt forbruk). Abonnementsgebyr: Alle bustadar, fritidseigedomar og næringseigdomar betalar eit fast abonnementsgebyr. Forbruksgebyr: Vert utrekna i frå målt forbruk via vassmålar. Forbruk ved næringseigedomar fastsettast ved bruk av vassmålar. Vassmålargebyr 2024 Vassmålargebyr 2024 Vassmålar pris u/mva pris m/mva Fast gebyr 3 125,- 3 906,25 Målt forbruk pr. m3 16,00 20,00 Publisert 04.07.2018 13:22 Sist endra 12.03.2024 11:14