Tøming av septiktankEigedommar med innlagt vatn som ikkje har tilgang til offentleg avløpsnett, må etablere eigne private avløpsløysingar. Slike anlegg renser avløpsvatnet lokalt ved hjelp av for eksempel slamavskiljar, tett tank eller minirenseanlegg. Det er tvungen tøming av slamavskiljar. Etablering av private avløpsløysningar er søknadspliktig. Tenesteleverandør for slamtøming er Franzefoss Gjenvinning. Les om slamtømming på Søre Sunnmøre reinhaldsverk sine nettsider. Kor ofte vert slamavskiljaren tømt Bustader vert tømt kvart 2. år. Fritidsbustader vert tømt kvart 4. år. Treng du ekstratøming? Tøming utanfor vanleg tømefrekvens vert rekna som ei ekstratøming som huseigar må betale sjølv. Ekstratøminga kan bestillast direkte hos Franzefoss Gjenvinning. Eigar bestemmer sjølv kven han vil bruke til å få utført ekstratøminga. Når vert eigar varsla og korleis? Eigar får tilsendt kort i god tid før slamtøminga vert utført. Kva kostar det? Slamgebyr 2024 Slamgebyr 2024 Slamtøming . Pris u/mva Pris m/mva Tøming kvart 2. år Inntil 6 m3 1058,- 1 225,- Tøming kvart 4. år Inntil 6 m3 490,- 612,5 Traktortøming, større slamavskiljarar samt tette tankar er prisen entreprenørs faktura med eit påslag på 25 %. Kven kan få fritak Eigedomar som står ubrukt over fleire år kan søke om fritak. Huseigar sitt ansvar Tanken skal vere tilgjengeleg før tøming. Det private avløpsanlegget skal tilfredsstille krava i forurensningsforskrifta kapittel 12. Publisert 04.07.2018 14:19 Sist endra 12.03.2024 10:03