Arbeidet i Herøy ungdomsråd

Arbeidet i Herøy ungdomsråd

Herøy har eit aktivt ungdomsråd som kan vise til gode resultat.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

I alle kommunar skal det vere eit ungdomsråd. Ungdomsrådet er det vi kallar eit medverknadsorgan for ungdom, og dette kravet følgjer av kommunelova § 5-12.

Dette betyr at alle saker som gjeld ungdom skal handsamast av ungdomsrådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Formålet med rådet er å bidra til å sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom.

Spør ungdom sjølve

Herøy ungdomsråd blei oppretta i 2001 og har utmerka seg med sitt store  engasjement for ungdom og lokalmiljø. 

Ungdomsrådet handsamar saker knytt til born og unge, skriv høyringsuttaler som ivaretar ungdomen sine synspunkt i møte med dei vaksne politikarane i kommunestyret. 

Herøy ungdomsråd er opptatt av oppvekstmiljøet og aktivitetar for ungdom og har i den samanheng gjennomført fleire brukarundersøkingar og spørjeskjema for å kartlegge kva aktivitetar ungdomen er med på og/eller kva dei meiner vi burde hatt i kommunen. Dette har resultert i fyljande:

Festivalar

«Maritim sommarfestival» var ein kjent lokal folkefestival som varte frå fredag ettermiddag til og med laurdagskveld. Sia festivalen skulle by på noko for folk i alle aldrar meinte Herøy ungdomsråd at det var urettvist at det på kveldstid berre var for vaksne og utvida festivalen til også å inkludere torsdag med rusfrie ungdomsarrangement. Det blei arrangert alt frå bandmønstring til lokale ungdomar som opptredde ilag med nasjonale artistar.

I 2022 var det Mads Veslelia som delte scene ilag med lokale UKM-deltakarar. Herøy ungdomsråd stod for arrangementet med sponsorhjelp frå lokale næringsliv og stilte også med eigen programleiar.  

I 2009 blei det oppretta ein ny festival med fokus på makrell og blues. Sidan festivalen var ment for vaksne, oppretta ungdomsrådet eigen rusfri festival som gikk av stabelen samtidig med «Makrellfestivalen» og gav den namnet «Pir-festivalen» (Pir = ung makrell) Her fikk lokale ungdomar dele scene med dei største artistane Noreg hadde å by på og det blei ein kjempesuksess. Denne festivalen lever enda, men har endra namn til UNGfestival. Midlar for å kjøpe inn nasjonale artistar er sponsa av det lokale næringslivet.

Skatepark

Fleire ungdomar meinte at vi absolutt burde hatt ein skatepark. Ungdomsrådet tok saka og skatepark blei det. Ikkje lenge etterpå kom musikkbrakka på plass etter oppmoding frå musikkglade ungdomar som mangla eit øvingslokale.
Herøy ungdomsråd stiller også som frivillige på julemarknad der dei er utkledd som nissar og deler ut mandarinar mens dei pratar med folk. På verdsdagen for psykisk helse stiller dei med eigen stand og forslagskasse der folk kan putte lappar med forslag og/eller meiningar.

Førjulsball

I ei årrekke har ungdomsrådet arrangert førjulsball for psykisk utviklingshemma. Dette er noko av det kjekkaste dei arrangerer. Dei riggar og pyntar lokale, dekker på, serverer julemiddag med fullt tilbehør, ryddar opp, tek oppvasken og ikkje minst er med både på gang rundt treet og dans til levande musikk som dei har fått sponsa av ei lokal revygruppe.

Aktivitetar for ungdom

Ungdomsrådet har i samarbeid med Fritidsklubben og MOT arrangert fleire ulike aktivitetar for ungdom. Skitur til Bondalseidet var eit populært tiltak. Nattcup i fotball/handball blir arrangert 4-6 gongar i året i Herøyhallen. Her samlast over 400 unge frå alle kommunane på Søre.

Integrering

Sist det blei oppretta asylmottak for mindreårige flyktningar engasjerte ungdomsrådet seg i integreringa med å invitere flyktningane til foredrag med Amal Aden (i samarbeid med biblioteket) Ungdomsrådet la til rette for aktivitet på fritidsklubben og fungerte som «besøksvennar» på asylmottaket både til felles frukost og aktivitetar på kveldstid. 

Ungdomskonferanse

Herøy ungdomsråd har i ei årrekke vore vertskap for ei ungdomskonferanse som går av stabelen på hausten. Her samlast alle ungdomsråda i 7-stjerne for å lære meir om det politiske system samt å bu seg til ungdomens fylkesting.
Herøy ungdomsråd er også medarrangør på den lokale UKM-festivalen. Her er dei med på planlegging og stiller opp på opprigg og nedrigg, som scenearbeider, programleiar, dørvakt og alt anna som trengst for å få til eit vellukka arrangement.

Miljø og trivsel

Herøy ungdomsråd er også opptatt av miljø og trivsel, så då den nye grillhytta i parken blei tilgrisa med tagging tok ungdomsrådet saka i eigne hender og inngikk eit samarbeid med Moldskred renovasjon og Zevo Chemicals og fikk rydda og vaska parken.

UFO

Etter ei UNGdata undersøking registrerte ungdomsrådet at Herøy skåra dårleg på møteplassar og einsemd. Lang historie kort: Dette enda opp med at UFO kom til. Eit prosjekt som fikk nasjonal pris frå «Ungdom og fritid» i 2021.
Herøy ungdomsråd har henta heim den gjeve prisen «Årets ungdomskommune» i Møre og Romsdal ikkje mindre enn 3 gongar i løpet av 9 år. (2011, 2014 og 2020) i tillegg til den nyoppretta prisen «Årets Ungdomsråd M&R» i 2021.