Offentleg ettersyn: Reguleringsplan for Sævik

Her finn du høyringsdokumenta for reguleringsplanen for Sævik. Fristen for å gi høyringsinnspel er 23. mars 2025.

3D-kart av Sævikane - Klikk for stort bilete3D-kart av Sævikane. Kommunekart.com

Utval for samfunnsutvikling vedtok 29. januar 2025 å legge reguleringsplan for Sævik ut på høyring og andre gongs offentleg ettersyn etter plan-og bygningslova. 

Bakgrunnen for planarbeidet er grunneigar sitt ynskje om å legge til rette for å utvikle eigedomen sin til gardsbruk med utleige av fritidsbustadar med tilgang til båtplassar.

Konseptet er basert på turismeverksemd, utleige av båt og utstyr og opplevingar med fritidsbustader knytt til hovudbruket og tunet i Sævikane som base, inklusiv servicebygget. Fritidsbustadane og servicebygget skal høyre til hovudbruket, og desse skal ikkje frådelast som eigne gnr/bnr, men inngå som ein del av tunet.

Fritidsbustader, turisme og reiseliv

I gjeldande samfunnsdel er satsingsområdet «Verdiskaping» omtalt som relevant punkt for planarbeidet. Det blir vist til tekst i kommuneplanen sin samfunnsdel der det står: «Herøy kommune ynskjer å leggje til rette for at bygdene kan fortsetje utviklinga og vere eit fundament for verdiskapinga i kommunen. Herøy kommune vil leggje til rette for ei auka verdiskaping i kommunen ved å samarbeide med næringsliv og bygdelag om felles prosjekt og støtte opp under prosjekt som kan vere med å auke verdiskapinga i lokalsamfunnet utan at det går på bekostning av lokale eller regionale samfunnsinteresser».

Planforslaget har element i seg av satsing på fritidsbustader, turisme og reiseliv og dette vil vere ein del av noko større som kan auke verdiskapinga for lokalsamfunnet i Herøy. Planforslaget har gått gjennom fleire revisjonar og planforslaget skal no vere eintydig på kva som kan byggast, kvar og kva som ikkje kan byggast.

Møte mellom kommunen og Statsforvaltaren

Kommunedirektøren meinar planforslaget no er godt nok til å legge ut på andre gongs offentleg ettersyn for å høyre endringane som er gjort. Planforslaget er no redusert vesentleg frå det opprinnelege og gjennom høyringane. Slik kommunedirektøren ser det vil denne saka no handle om småbåthamna i planforslaget. 

Det har vore diskutert ved fleire høve og kommentert frå regionale myndigheiter ved høyringsrunder, arbeidsmøter og i siste møte mellom Herøy kommune og Statsforvaltaren. Småbåthamna utgjer det virkeleg store avviket frå kommuneplanen sin arealdel som utløyser krav om reguleringsplan. Ein har vurdert å erstatte moloen med ein flytande bølgjedempar og dette kan vere aktuelt. Men kommunedirektøren forstår det slik at det utgjer ingen forskjel for Statsforvalataren om det er molo eller flytande bølgjedempar. 

Bustadhus, fritidsbustadar og naust er truleg noko som kunne godkjennast gjennom ei direktehandsaming etter reglane i kapittel 20 (byggesaksdelen) i plan- og bygningslova. Men forslagsstillar har blitt råda til å gå vegen via eit reguleringsarbeid for å klarlegge detaljane kring arealbruken og plassering av bygga.

Kva er endra?

Endringar i planforslaget frå ideskissa til andre gongs offentleg ettersyn:

  • Tre nye bustadhus →  Eitt nytt bustadhus 
  • Fire fritidsbustadar → To nye fritidsbustadar for utleige 
  • Fire naust → To naust
  • Eitt servicebygg → Eitt servicebygg 
  • Ei badstue → Ingen badstue 
  • Felles parkeringsanlegg → Ingen parkeringsanlegg 
  • Småbåthamn og to moloar → Redusert småbåthamn med ein molo

Gi innspel her

Alle dokumenta i saka kan du finne på postlista til Herøy kommune eller på politikarportalen til Herøy kommune.

Fristen for å gi merknadar til planarbeidet er 23. mars 2025.

Du kan gje høyringsinnspel i dette skjemaet. Merk innsendinga med årstalet 2019 og mappenummer 10131.