Rett til innsyn i eigne personopplysningar
Når kommunen handsamar personopplysningar om deg, har du rett på å vite kva opplysningar som vert handsama, kva opplysningane vert brukt til og kor lenge dei vert lagra.
Forslag til vidare lesing:
- Personvernforordninga artikkel 15
- Datatilsynet om rett til innsyn
Rett til retting av personopplysningar
Dersom du oppdagar at kommunen behandlar opplysingar om deg som er urette, kan du krevje retting (jf. personvernforordninga artikkel 16). Du må kunne sannsynleggjere at opplysingane er urette og kva som er korrekt.
Kommunen skal utføre retting utan ugrunna opphald og normalt seinast innan ein månad.
Forslag til vidare lesing:
- Personvernforordninga artikkel 16
- Datatilsynet om rett til retting
Rett til sletting av personopplysningar
I enkelte tilfelle kan du krevje at personopplysingar om deg blir sletta. Dette vert også kalla «retten til å bli gløymt». Dersom du meiner at kommunen handsamar informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen vert sletta. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast med heimel i anna regelverk, t.d. arkivlova.
Forslag til vidare lesing:
- Personvernforordninga artikkel 17
- Datatilsynet om retten til sletting
Retten til avgrensing av behandling av personopplysningar
I nokre tilfelle kan du be om at måten kommunen bruker personopplysingane dine på blir avgrensa. I så fall kan personopplysingane dine lagrast, men ikkje blir brukt til noko.
I følgjande situasjonar kan du krevje avgrensing av behandling av personopplysingar:
- Du meiner opplysingane lagra om deg er feilaktige. Medan dei behandlingsansvarlege kontrollerer opplysingane, kan behandlinga bli avgrensa i ei periode.
- Du har brukt retten din til å protestere, og kommunen held på å avgjere om protesten din skal takast til følgje.
Forslag til vidare lesing:
- Personvernforordninga artikkel 18
- Datatilsynet om retten til avgrensing av behandling av personopplysnignar
Retten til protestere mot behandling av personopplysningar
Du kan protestere på at kommunen handsamar opplysningar om deg. Retten gjeld ikkje når kommunen handsamar personopplysningar om deg for å utføre ei avtale du har med oss, eller dersom kommunen er pålagt gjennom lov å handsame opplysningane.
Forslag til vidare lesing:
- Personvernforordninga artikkel 21
- Datatilsynet om retten til å protestere
Retten til dataportabilitet
Dersom vi handsamar opplysningar om deg med grunnlag i eit samtykke eller ei kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningane om deg til deg eller til ein annan behandlingsansvarleg.
Forslag til vidare lesing:
- Personvernforordninga artikkel 20
- Datatilsynet om retten til dataportalitet
Klage
Du kan klage til Datatilsynet dersom du ikkje er nøgd med korleis kommunen handsamar personopplysningane dine, eller du meiner at handsaminga ikkje er i samsvar med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet. Sjå korleis kontakte Datatilsynet.
Korleis kan du krevje dine rettigheiter
Førespurnad om å krevje ein eller fleire av rettigheitene dine, kan sendast til:
Kommunen kan be deg om å stadfeste identiteten din, eller be deg legge fram meir informasjon før kommunen handsamar førespurnaden din. Grunnen til dette er at kommunen må vere sikker på at du er den du er, og at det ikkje er nokon andre som utgjer seg for å vere deg.
Alle kommunen sine saksdokument er som hovudregel offentlege. Send difor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønskjer skal bli allment kjent. Kommunen er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. Av journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen gå fram.
Kommunen sin offentlege postjournal kan du finne her.
Pressa og publikum sitt innsyn etter offentleglova
Hovudregelen etter Offentleglova er at forvaltingsorgana sine saksdokument er offentleg tilgjengelege. Det betyr at presse eller andre som spør om det, vil kunne gjere seg kjend med innhaldet i kommunen sine saksdokument. Din førespurnad til oss vil dermed også vere offentleg. Kommunen handterer likevel ein del dokument som inneheld teiepliktige opplysningar. Slike dokument blir unnateke offentlegheit. Interne dokument kan også verte unnateke offentlegheit dersom det finst lovheimel for det.