Personvernombodet har mellom anna til oppgåve å gi råd til kommunen om korleis personvernlovgivinga best mogeleg skal takast i vare. I tillegg skal personvernombodet vere med på å kontrollere at kommunen følgjer opp pliktene sine etter personvernlovgivinga.
Opplysningar som du sender inn til kommunen, blir sendt til rette saksbehandler/behandlingsansvarleg.
Opplysningane gjer våre tilsette i stand til å utføre saksbehandling av førespurnaden din. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte enten du sender inn papirdokument eller elektroniske dokument.
Selskapet IKA Møre og Romsdal er personvernombod for Herøy kommune.
Telefon: 920 76 580
E-post: personvernombud@ikamr.no
Hilde Bringsvor Skinnes er personvernkontakt i kommunen.
Melde eventuelle brot til Datatilsynet
Her kan du lese Datatilsynet sin informasjon og melde eventuelle brot til tilsynet.