Brev i postkasser
Når ut til mange, men tek lang tid. Er mest eigna for utsending av generell informasjon der tid ikkje er ein viktig faktor.
Heimeside
Kommunen si heimeside skal nyttast aktiv til å informere lokalbefolkninga ved ei krise i tillegg til andre media. Nettsida er tilpassa mobil/nettbrett. Alt som vert lagt
ut på nettsida skal delast på sosiale media.
Radio/TV/nettaviser
Haster det med å få ut informasjon er det viktig at radio, tv og lokale nettaviser vert nytta aktivt i tillegg til eigne heimesider.
Mobilvarsling
Kommunen kan sende ut SMS-varsel til alle med bustadadresse i kommunen. Varsel kan også avgrensast geografisk. Det er viktig at ein kjenner til reglar for
befolkningsvarsling.
Varsling via arbeidsgivarar
I kommunen har vi ein del arbeidsinnvandring og ein bør vurdere å varsle dei store arbeidsgjevarane slik at ein lettare kan nå arbeidsinnvandrarane med
naudsynt informasjon.
Andre varslingsmåtar
Det kan ved enkelte situasjonar vere naudsynt å nytte andre varslingsmetodar som telefonoppringing, bil med høgtalar, oppsøkjande verksemd, informasjon ut til kommunale einingar som skule og barnehage.
Om all kommunikasjon er nede(ingen annan måte å informere på er tilgjengeleg) vil informasjon ved ei krise verte hengt opp ved Herøy rådhus og Myrvåg legesenter.
Sosiale media
Kommunen nytter i dag facebook, instagram og twitter. I ein gitt situasjon kan dette nyttast til å spreie informasjonen som vert lagt på eigna nettside.
Kriseleiinga tek stilling til kva informasjonskanalar som skal nyttast saman med kommunikasjonssjef.
Det er her viktig å merke seg at enkelte medium er sårbare ved straumbrot.