Søk om tilskot til frivillig arbeid

Når ei krise oppstår

Når ei krise oppstår

I beredskapssamanheng skal det ein del til før ulukker, brannar, naturhendingar eller anna blir kalla krise.

Sjølv om ein brann i eit bustadhus er ein krise for dei som mister hus og heim, eller at ein trafikkulukke med eitt dødsfall sjølvsagt er ein tragedie, vil ikkje dette utløyse behov for kriseleiing.

Det må noko større til, som naudetatane og den enkelte sektor/eining i kommunen ikkje klarer løyse på eiga hand. Hendinga skal altså utfordre viktige samfunnsfunksjonar, og gjerne fleire på ein gong.

Dersom vi held oss til brannar, vil ein brann i fleire hus med stor fare for spreiing kunne gjere at kommunen set krisestab. Tilsvarande ved ei større trafikkulukke, til dømes med ein buss.  Den vanlegaste hendingstypa som krev kriseleiing er kanskje naturhendingar, som ras, flaum og sterk vind.

Overordna målsettingar 

Herøy kommune sine overordna målsettingar for samfunnstryggleik og beredskap er:

  • Kommunen skal vere ein trygg kommune for alle som bur og oppheld seg i kommunen.
  • Kommunen skal ha god beredskap mot aktuelle kriser og uønskte hendingar.
  • Kommunen skal til ei kvar tid ha kunnskap om forhold i og utanfor organisasjonen som kan medføre risiko for liv/helse, miljø og materielle verdiar.


Strategiar:
 

  • Ha til ei kvar tid oppdaterte beredskapsplanar på alle nivå i organisasjonen.
  • God kompetanse i kriseleiinga og organisasjonen. Kompetanseheving gjennom kurs, samlingar og øvingar.

Kommunen sine oppgåver ved krise

Kommunen skal ved krise ivareta befolkninga sin sikkerheit og tryggheit. Aktuelle oppgåver kommunen skal handtere vert:

  • Ta hand om skada personar - i og etter krisa
  • Omsorg for personar som har vore utsett for påkjenningar
  • Yte bistand ved evakuering av personar
  • Innkvartering og forpleiing
  • Forsyningsstøtte til redningsmannskap
  • Informere pårørande, befolkninga og media
  • Sette inn psykososialt team når det er behov for denne kompetansen
  • Sikre naudstraum ved straumstans
  • Rette opp skader for kommunikasjon og andre anlegg
  • Opprydding, oppreinsking, handtering av avfall og anna innsats for å verne miljøet
  • Vern om kulturelle verdiar
  • Helsehjelp, informasjon og råd til innbyggjarane ved sjukdomsutbrot
  • Etablering av stadar for behandling og pleie av skadde og sjuke
  • Anna ved behov
     

Beredskapsarbeidet har 4 hovudprinsipp:
 

  1.  Ansvarsprinsipp: Den avdelinga som har ansvar i det daglege har ansvar for skadeførebygging og beredskapstiltak.
     
  2.  Nærleikprinsipp: Krisa skal handterast på lågast mogleg nivå.
     
  3.  Likskapsprinsippet: Krise/ulykke skal handterast av den ordinære organisasjonen, mest mogleg lik organisasjonsstrukturen for normal drift.
     
  4.  Samvirkeprinsippet: Kvar enkelt avdeling har eit sjølvstendig ansvar for å sikre best mogleg samarbeid med relevante aktørar i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.