Offentlege innkjøp

Offentlege innkjøp

Herøy kommune gjennomfører sine innkjøp i samsvar med anskaffingslova med tilhøyrande forskrift, vedteken innkjøpsstrategi, og til ein kvar tid gjeldande rutinar.

Regelverk - offentlege anskaffingar

Herøy kommune er underlagt regelverket om offentlege anskaffingar. Regelverket forklarer korleis offentlege verksemder skal gjennomføre sine anskaffingar. Dette har også innverknad på korleis leverandørar kan opptre i forhold til kommunen.

Innkjøpsstrategi

Herøy kommunestyre har vedteke Innkjøpsstrategi  (PDF, 781 kB)for kommunen for 2020 - 2023.

Innkjøpsstrategien skal bidra til at Herøy kommune sine innkjøp vert gjort i samsvar med regelverk og politiske vedtak. Strategien skal fremme ei berekraftig og miljøvenleg utvikling. Innkjøpsstrategien skal legge grunnlag for einsarta gjennomføring, tenking og åtferd i samband med kjøp av varer, tenester, bygg og anlegg. Strategien skal bidra til samfunnsansvarlege innkjøp, og at lokale aktørar kan delta i konkurransar.

Digitale anbodskonkurransar

Herøy kommune kunngjer fortløpande konkurransar om kjøp av ulike varer, tenester og bygg- og anleggsarbeid på den nasjonale databasen for offentlege anskaffingar Doffin. På Doffin finn du kunngjeringar om pågåande konkurransar under fanen kunngjøringssøk.

Herøy kommune brukar KGV-Light som konkurransegjennomføringsverktøy. Dette er tilpassa Lov om offentlige anskaffingar og tilhøyrande forskrift og er integrert med Doffin. Verktøyet legg til rette for heil-elektronisk gjennomføring av alle typar kunngjeringar, og skal nyttast til alle anskaffingar over nasjonal terskelverdi.

Det er gratis for leverandørar å opprette brukarprofil i Mercell Tendsign, og ein blir automatisk dirigert til verktøyet når ein brukar påmeldingsknappen i kunngjeringa på Doffin.

Herøy kommune sine rammeavtalar

Herøy kommune sine innkjøp av varer og tenester vert i stor grad gjort via rammeavtaler, som vert inngått etter gjennomført anbodskonkurranse.

Ei rammeavtale er ei avtale mellom ein eller fleire oppdragsgjevarar og ein eller fleire leverandørar, som fastset kontraktsvilkåra for kjøp av varer og tenester mellom desse partane i ei bestemt periode. Typiske kontraktsvilkår som vert bestemt, er pris, kva som skal leverast, leveringsvilkår, garantiar, m.m.

Her finn du avtaleoversikt per 19.01.2024. (PDF, 28 kB)

Oversikten blir oppdatert ca. 2 gongar i året.

Korleis går anskaffingar i Herøy kommune føre seg?

Innkjøp av varer og tenester vert gjort av tilsette på dei ulike avdelingane, skulane, m.m. som er tildelt mynde til dette. Innkjøp skal skje i samsvar med gjeldande regelverk, instruksar, inngåtte avtalar og tildelt budsjett.

Innkjøpsansvarleg har ansvaret for å koordinere Herøy kommune sine anbodsprosessar og sentrale innkjøpsavtalar. Innkjøpsansvarleg har ein rådgjevingsfunksjon ovanfor andre tilsette i innkjøpsfaglege spørsmål.

Anbod på rammeavtaler for kjøp av varer/tenester, vert enten gjort lokalt, eller via innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre. Anbod innan bygg og anlegg, og større enkeltståande kjøp, vert normalt gjennomført lokalt.

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre

Herøy kommunane deltek i eit innkjøpssamarbeid, som er leia av Konserninnkjøp i Ålesund. 

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre består av kommunane Ålesund, Vestnes, Sykkylven, Sula, Stranda, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.

Herøy kommune får via innkjøpssamarbeidet tilbod om å delta på felles rammeavtalar og får og rådgiving i innkjøpsfaglege spørsmål.

Samla har kommunane eit befolkningsgrunnlag på ca. 150 000 innbyggarar. 

Kontaktinformasjon innkjøp: 

Innkjøpsansvarleg: Jan Driveklepp, jan.driveklepp@heroy.kommune.no, tlf: 700 81 317