Ny eigar?Når du har teke over ein landbrukseigedom så fyljer det med eit forvaltaransvar. Kjenner du til kva som ligg i ansvaret?Du må mellom anna ta stilling til om du skal drive jorda sjølv eller om du skal få andre til å drive for deg. Driveplikta gjeld all dyrka mark. Viss andre skal drive jorda må de ha skriftleg avtale om leige. Kopi av avtalen skal sendast til landbruksavdelinga.Andre spørsmål om forvaltaransvaret kan du rette til oss. Publisert 04.09.2024 13:48 Sist endra 04.09.2024 13:48