I denne artikkelen finn du informasjon om to støtteordningar:
- særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlane)
- tiltak i beiteområde
Særskilde miljøtiltak i landbruket
Denne ordninga er til for å fremje tiltak som tek vare på kulturlandskapet og hindrar forureining.
Kva kan du få støtte til?
Nokre få eksempel:
- tiltak som hindrar at kulturlandskapet gror att og at biologisk mangfald går tapt
- hindre at eldre bygningar som kan reknast som kulturminne forfell
- lage sikker lagerplass for rundballar
Sjå fleire eksempel på tiltak i strategiplanen for tiltaka (PDF, 497 kB).
Meir informasjon om ordninga finn du i forskrifta om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.
Kva kan du få i tilskot?
Kor mykje du kan få i tilskot, kjem an på kva tiltak det er snakk om. Les meir om storleiken på tilskota i strategiplanen for støtteordningane (PDF, 497 kB).
Korleis søker du om SMIL-midlar?
Du søker på nettstaden til Landbruksdirektoratet.
Sjå også rettleiinga som er aktuell for det tiltaket du søker støtte til:
- Rettleiing SMIL midlar vedlikehaldsgrøfting (PDF, 695 kB)
- Rettleiing SMIL midlar tilgjenge (PDF, 682 kB)
- Rettleiing SMIL midlar organisert beitebruk (PDF, 789 kB)
- Rettleiing SMIL midlar sikker lagerplass for rundballar (PDF, 771 kB)
- Rettleiing SMIL midlar leskur for dyr på beite (PDF, 679 kB)
- Rettleiing SMIL midlar kulturminne (PDF, 779 kB)
- Rettleiing SMIL midlar gamal kulturmark (PDF, 908 kB)
- Rettleiing SMIL midlar klimaplanting (PDF, 772 kB)
- Rettleiing SMIL midlar høytørke (PDF, 773 kB)
- Rettleiing SMIL midlar hydrotekniske anlegg (PDF, 679 kB)
- Rettleiing SMIL midlar freda bygningar (PDF, 821 kB)
- Rettleiing SMIL midlar biologisk mangfald (PDF, 771 kB)
Når må du søke?
Søknadsfristen for ordninga «Særskilde miljøtiltak i landbruket» er 1. april.
Tilskot til tiltak i beiteområde
Føremålet med tilskotet er å utnytte beite i utmark best mogleg, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.
Kva kan du få støtte til?
Du kan få tilskot til faste installasjonar som gjeld bruken av utmarksbeite. Du kan også få tilskot til prosjekt knytt til planlegging og tilrettelegging av beite i utmark.
Tiltak som kan få investeringstilskot (lista er ikkje fullstendig):
- sperregjerder (ikkje til gjerde der ein har gjerdeplikt)
- ferist
- bruer
- driftevegar
- gjetarhytter
- sanke- og skiljeanlegg
- saltsteinautomatar
- elektronisk overvakingsutstyr mv.
- elektronisk gjerde mv.
Tiltak som kan få tilskot til planlegging/tilrettelegging:
- prosjektering av faste installasjonar
- organisering av nye/endra beitelag og beiteområde
- prosjekt og planar knytt til utmarksbeiting
Meir informasjon om ordninga finn du i forskrifta om tilskot til tiltak i beiteområde.
Kva kan du få i tilskot?
Kor mykje du kan få i tilskot, kjem an på kva tiltak det er snakk om. Les meir om storleiken på tilskota i strategiplanen for støtteordningane. (PDF, 3 MB)
Korleis søker du om tilskot til tiltak i beiteområde?
Du søker på nettstaden til Landbruksdirektoratet.
Når må du søke?
Søknadsfristen for ordninga «Tilskot til tiltak i beiteområde» er 1. april.