Ulstein og Hareid kommune er fortsatt samarbeidspartnarar. I tillegg gir landbrukskontoret tenester på skogforvaltninga i Sande kommune.
Landbrukskontoret er førstelinekontakt mot bønder, skogeigarar, grunneigarar og næringsdrivande. Kontoret skal bidra til å gjennomføre den til ei kvar tid gjeldane mat- og landbrukspolitikk som Stortinget vedtek.
Landbrukskontoret sine oppgåver er forvaltning knytt til særlovene i landbruket, som jordlova og konsesjonslova. Forvaltning av tilskotsordningane innan jord- og skogbruk.
Vi har også ansvar innan viltforvaltinga.
Landbrukskontoret skal hjelpe til med å utvikle eit bærekraftig og miljø messig godt drive landbruk. I tillegg til sysselsetting og inntekter i landbruket skal vi og ta i vare interesser i høve ålmenta.
Landbrukskontoret held til på rådhuset i Fosnavåg, Rådhusgata 5. For gardbrukarane i Ulstein og Hareid vil det interkommunale landbrukskontoret vere tilgjengelege på rådhusa i desse kommunane etter avtale.