Dette står i forskrifta:
«§ 2. Ein kvar som fører eit fartøy skal utvise forsiktigheit og avpasse farten etter sikt- og farvassforholda, fartøyets størrelse, konstruksjon og manøvreringsevne, slik at det ikkje ved bølgeslag eller på annan måte oppstår fare eller valdast skade eller ulempe for personar, derunder badande, kano- og kajakkpadlarar, andre fartøy, kaier, akvakulturanlegg, strandlinjer, dyre- og fugleliv og omgjevnadar elles.»
I tillegg til aktsemdkravet gjeld følgjande særskilde fartsgrenser i sjøen i Herøy kommune (for næringsfartøy og fritidsfartøy):
- Fosnavåg fiskerihamn: 5 knop
- Straumane: 8 knop
Forskrift om fartsgrense for fritidsfartøy, sjøkart nr. 30, Herøy kommune, Møre og Romsdal
Forskrift om statlege fartsgrenser på sjøen (næringsfartøy)
Digitalt sjøkart med fartsavgrensingsområde