Kva får vinnarane?
Dei som mottek Ungdommens kulturpris får 15 000 kroner og ein statuett laga av kunstsmed Steven Carpenter. Det er designbyrået Heydays som har designa statuetten med utgangspunkt i logoen til Fosnavåg konserthus.
Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler kulturprisane.
Korleis nominerer du?
Klikk her for å gå til skjemaet der du nominerer til Ungdommens kulturpris.
1. mars 2024 er fristen for å nominere nokon til Ungdommens kulturpris for 2023. (Normalt er fristen 15. februar, men i år er fristen utsett.)
Retningsliner for Ungdommens kulturpris
- Namnet på prisen er «Ungdommens kulturpris for Herøy kommune». Prisen vert delt ut kvart år.
- Formålet med prisen er å stimulere til kulturarbeid blant unge i kommunen, og omgrepet skal definerast vidt.
- Ungdommens kulturpris vert tildelt ungdom som utmerker seg i ein kulturaktivitet, eller personar, organisasjonar og lag som har drive eller driv kulturarbeid mellom ungdom på fritida. Personar som får tildelt ungdommens kulturpris, skal vere mellom 10 og 30 år. Dersom eit lag eller organisasjon får tildelt prisen, skal dei drive kulturarbeid i same aldersgruppe. Ansiennitetsprinsippet treng ikkje vere avgjerande for tildelinga.
- Ungdommens kulturpris vert kunngjort med frist den 15. februar for å sende inn forslag på kandidatar. Alle kan sende inn forslag. Forslaget skal vere skriftleg og grunngitt.
- Ein jury beståande av ein representant frå Nordea, Sparebanken Møre, musikklivet i Herøy, Herøy idrettsråd, Herøy ungdomsråd, eldrerådet i Herøy, kulturleiar og ordførar gjer endeleg vedtak i tildelinga.
- Juryen står fritt til å velje den kandidaten dei måtte ynskje.
- Ungdommens kulturpris er for tida på 15 000 kroner, der Nordea bidreg med halve beløpet, og ein statuett frå Herøy kommune.
- Juryen held dialog med prisvinnaren og gjer avtale om korleis dette skal offentleggjerast.
- Juryen tilpassar utdelinga av prisen etter prisvinnaren, og finn eit eigna høve til å overrekke prisen, gjerne i samband med eit arrangement eller eit markering.
Kven har fått prisen for tidlegare år?
2022: Herøy ungdomsråd
2021: Barnekoret Noah (med leiarane Torill Torvholm og Janne Smoge Sævik)
2020: Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren
2019: Herøy LAN
2018: Adrian Helde Remøy
2017: Mathias Dybvik
2016: Karoline Velsvik Sivertsen
2015: Carl Henrik Moltumyr
2014: Melissa Kvalsund Nerland
2013: Jørgen Kopperstad
2012: Janne-Katrin Hansen Sævik
2011: Christoffer Remøy Endresen
2010: Sebastian Kvalsvik Frøystad
2009: Rikke Voldsund Pettersen
2008: Dagfinn Kvalsund
2007: Caroline Skar
2006: Linn Therese Sævik
2005: Inger Lise Kalland
2004: Jan Ove Berge
2003: Vegard Holum:
2002: Aina Eliassen
2001: Ingbjørn Husøy v/Adventura på Leikong
2000: Audun og Anders Havnen
1999: Knut Erik Håheim
1998: BIL Fotball – aldersbestemte klasser
1997: Marius Seljedahl