Bandtvang for hund

Bandtvang for hund

På Nerlandsøy er det bandtvang heile året. I resten av Herøy kommune er det bandtvang mellom 1. april og 20. august.

Bandtvang betyr at hundar skal haldast i band eller vere forsvarleg innestengde eller inngjerda.

På Nerlandsøy er det bandtvang heile året. Det er slått fast i ei eiga lokal forskrift. Her finn du den lokale forskifta.

I resten av Herøy kommune gjeld dei nasjonale reglane i hundelova, som seier at det er bandtvang frå og med 1. april til og med 20. august.

Hundelova slår fast at føremålet med bandtvang er at hundar ikkje skal jage eller skade husdyr, tamrein eller viltlevande dyr og deira reir, bo eller hi.

I lova kan du også lese om krava til den som held hund og reglar for korleis hundar skal sikrast.