Søk om tilskot til frivillig arbeid

Driftstilskot

Driftstilskot

Desse kan søkje

Lag og organisasjonar med kontinuerleg aktivitet for barn og unge. Døme på dette er idrettslag, kor, korps, samt lag og organisasjonar som driv barne- og ungdomsarbeid.

Eit viktig prinsipp er at søkjar legg til rette for inkludering og mangfald i aktiviteten sin.

Vurderingskriterie

Der laget har både barn og vaksne som medlemar, vert tal på born og unge vektlagt som grunnlag for vurderinga.  

Organisasjonar med berre medlemar over 20 år, kan ikkje søkje om driftstilskot.

Medlemstal og type aktivitet skal vere del av vurderinga.

Aktivitetar som rettar seg mot sårbare grupper vert prioriterte.

Tildeling skjer på følgjande måte

Administrasjonen legg fram ei tilråding basert på gjeldande vurderingskriterier. Utval for helse, kultur og oppvekst gjer endeleg vedtak om fordeling av midlar.

Søknadar som kjem inn etter fristen, vert avslått.

Søknadsfrist: 1. april

Her finn du søknadskjemaet du kan nytte.