Delta i høyringa om skulestruktur

Planlegg du eit stort arrangement?

Planlegg du eit stort arrangement?

Da må de syte for brannsikkerheita vert ivareteken, og melde inn arrangementet til:

Herøy brann og redning i eige skjema.

Det er meldeplikt for arrangementer som vert arrangert i eit byggverk eller på eit område som normalt ikkje nyttast til slike føremål jfr. Brann- og eksplosjonsvernloven av 2002, § 7

Dette gjeld for større arrangement som f.eks. på skular, barnehagar og andre bygningar, festivalar, show, konsertar, dataparty, salsmesse og liknande.

Dette må dokumenterast:

  •  Tidspunkt og tema for arrangementet, størrelse, stad og kven som er ansvarlig for arrangementet.
  • Risikoanalyse med kartlegging av kva som kan gå gale, korleis dette skal forhindrast og kva sikringstiltak som er planlagt.
  • Beskrivelse av bygningas eller områdets utforming.
  • Informasjon om installasjonar og utstyr, for eksempel alarm- og lydanlegg, sløkkeutstyr, rømningsskilt og belysning.
  • Beskrivelse av innreiingas og utstyrets brennbarheit, samt bygningskonstruksjonenes brannmotstand.
  • Beskrivelse av rømningsvegar (beliggenheit, antal atkomst, breidde osb.) sett i forhold til beregna persontal og tilgjengeleg rømningstid. Persontal bør eventuelt fastsetast etter særskild analyse av kvalifisert brannrådgjevar.
  •  Prosedyrer for evakuering.
  • Oversikt over sikkerheitspersonell - antal, rutinar og ansvar, gjennomført opplæring og øving.
  • Bekreftelse på tilrettelagt tilkomst for brann- og redningspersonell.
  •  Informasjon om bruk av brannfarleg vare.

     

 Meir informasjon

DSB brannsikkerhet ved festivaler

DSB Veileder for sikkerhet ved store arrangementer