Spelemidlar til idrettsanlegg

Spelemidlar til idrettsanlegg

Du kan søke tilskot til å bygge og/eller rehabilitere anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Anlegga må vere opne for allmenn aktivitet og ikkje vere kommersielt eigde.

For informasjon om vilkår, krav og søknadsprosess kan du gå til anleggsregisteret.no

Kven kan få tenesta

Lag, organisasjonsledd og samanslutningar knytt til desse organisasjonane kan søkje om tilskot til alle anleggstyper:

  • Norges idrettsforbund
  • Samenes Idrettsforbund-Norge
  • Studentsamskipnader
  • Norges Jeger- og Fiskerforbund
  • Norges Bilsportforbund
  • Det Frivillige Skyttervesen

Nokre fleire kan søke tilskot til for eksempel friluftlivsanlegg, hundesportanlegg, samiske anlegg og sykkelanlegg.

Desse samanslutningane kan søke om tilskot til nærmiljøanlegg:

  • Burettslag
  • Velforeiningar

Kva kan du forvente

Du kan søke om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet som er ope for allmenn idrettsleg aktivitet, og som ikkje er underlagt fortenestebaserte eigarformer.

Du kan også søke om tilskot til kjøp og/eller innreiing av eksisterande anlegg. 

Kva kostar det

Tenesta er gratis.

Korleis få tenesta

  • Frist for å søkje om å få med tiltaket i handlingsdelen til Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: 15. oktober
  • Søknadsfrist for å søkje spelemidlar: 15. oktober

Korleis søkje

Kontakt kommunen for å få med tiltaket i handlingsdelen til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Fyll ut søknadsskjema på Søknadsskjema – Anleggsregisteret.no.

Det vert stilt ei rekke krav til dokumentasjon til søknaden, og det bør setjast av god tid til å skaffe all nødvendig dokumentasjon.

Når kan du vente svar

Kommunen handsamar søknaden og sender den vidare til fylkeskommunen for endeleg vedtak.